Forsvarsplanen for dei neste tolv åra vart samrøystes vedtatt av Stortinget denne veka. Planen tar sikte på å styrka den nasjonale forsvarsevna med ei solid opptrapping både av personell og materiell, og vil legga beslag på ein del milliardar i dei komande statsbudsjetta. Dette blir av enkelte tolka som at den forsvarspolitiske debatten er lagt død. Det har til og med blitt hevda at den sikkerheitspolitiske opposisjonen er borte, fordi både SV og Raudt er med på forliket.
Debatten om forsvars- og sikkerheitspolitikk er ikkje død, men bør inn på eit nytt spor.
Menneske, ikkje milliardar
Fokus