Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rose Glass’ skeive kroppsbyggarthriller omskapar 1980-talskultur til aktuell kulturkritikk.

Muskuløst opprør

«Pain is weakness leaving the body»: Jackie (Katy O’Brian) og Lou-Lou (Kristen Stewart) fell for kvarandre under slagordplakatane på gymen. Foto: Ymer Media

Love Lies Bleeding

(Storbritannia, 2024) Regi: Rose Glass Manus: Rose Glass, Weronika Tofilska Drama­thriller/1 t. 44 min./ Kino

For mange av oss som var tenåringar på 1980-talet, er det eit sjokk å sjå opp att populære filmar frå ungdomstida. Lo eg verkeleg av den plumpe sexismen? Likte eg den forråande sjølvtekta? Aksepterte eg den amerikanske militarismen?