Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattUkraina

Myten om dei spolerte fredsforhandlingane

Joakim Møllersen har igjen breidd ut sitt syn mot våpenstøtte til Ukraina. Han gjentar også bastant påstanden om at Nato og Vesten konsekvent har sabotert fredsforhandlingar. Er det dermed slik at det er Nato og Vesten si skuld at det framleis er krig i Ukraina?

Når Møllersen i Klassekampen 10. mai gjentar at «Landene på Nato-linja har enten motarbeida forhandlinger, holdt kjeft eller prøvd litt og så gitt opp», er det ikkje rom for tvil. At det finst andre forklaringar på kvifor forhandlingane våren 2022 ikkje blei meir enn eit utkast, blir igjen ignorert.

Kanskje var Butsja ein av grunnane? Dei sjokkerande bilda frå Butsja-massakren blei kjent 1. april 2022. Det var forhandlingar i Tyrkia i slutten av mars, og vi er komne til 29. mars, mens forhandlarane planla neste runde, kom ukrainske troppar til Butsja: Meir enn 450 drepne og torturerte sivile i løpet av den månaden Russland hadde kontrollen. Kanskje det påverka forhandlingane?

Møllersen er ikkje åleine korkje i Rødt, på venstresida eller internasjonalt. Påstanden om at Nato og Vesten har ansvaret for havarerte og manglande fredsforhandlingar, har gått som ein internasjonal farsott både i media og blant akademikarar.

Denne internasjonale ryktebørsen har den siste tida blitt så problematisk, at Ukrainas forsvarsminister Kuleba rykka ut på X for å slå tilbake dette seigliva narrativet: «Ukraine and Russia were close to a peace deal in spring 2022 but Ukraine rejected it? This is one of the favorite lies promoted by Russia and its sympathisers to shift the focus... and the blame [...].»

«Det finst andre forklaringar. Kanskje Butsja var ein av grunnane?»

Som Møllersenargumenterer også mange av desse for at dette er «en krig som Ukraina ikke kan vinne». Kor faktabasert er den påstanden? Hos mange militære ekspertar og politiske journalistar er ikkje pessimismen så total.

Og på lokalplanet: «Sjå på tulipanane mine, dei er så fantastiske i år», sa Olga til ein journalist 19. april. Byen hennar blei bomba av Russland i februar, men ho blir verande for ho skal så alle frøa sine, og passe på jordbæra og tomatene sine. I ein pakke blomsterfrø kan ein altså finne Ukrainas håp og standhaftigheit.

Vi får ikkje dette til å gå opp: No har russiske bomber og droner drepe og øydelagt i over to år i Ukraina. Likevel ser det ut at Møllersen og hans meiningsfellar har tillit at Putin har vore reelt interessert i forhandle fram fred.

Møllersen og fleire med han prøver no å snu våpenvedtaket frå Rødts landsmøtet i fjor.

Kvifor tapte dei våpendiskusjonen? Fordi dei hadde for dårlege argument, eller fordi dei fleste faktisk ønska at Ukraina skulle få våpen slik at dei kunne forsvare seg mot Russlands angrepskrig?

Nei, ifølge Møllersen var grunnen feige lag. Særleg skuldar han på Klassekampen som tok tydeleg standpunkt for våpenstøtte og slik påverka lesarane. Dette er sjølvsagt fullstendig å undervurdere både avisa sine lesarar og Rødt sine medlemmer. Kanskje evnar dei faktisk å tenke sjølv? Kanskje venta mange medlemmer utolmodig på at Rødt skulle ta stilling for våpenstøtte?