Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Den sorte svane» landar i den nordiske andedammen for å fortelja oss at vatnet er forgifta.

Noko er rote i Danmark

Kontoret: På det overvaka kontoret til informanten Amira Smajic kan vi sjå Bandidos’ Fasar Abrar Raja drøfta bokføring med gründer Martin Malm, som har alle Københavns nattklubbar på kundelista til sin fakturafabrikk for kvitvasking av pengar. Foto: TV 2/NRK

Den sorte svane

(Danmark, 2024) Redaksjon: Peter E. Vester­lund, Steen Schat-Holm, Thomas Østerlin Koch, Mads Brügger Dokumentar/ 5x55 min./ NRK TV

Kor flytande er grensene mellom den legale økonomien og den kriminelle underverda i nordiske velferdssamfunn? Det er kanskje det mest urovekkjande spørsmålet ein må stilla seg etter å ha sett tv-dokumentaren «Den sorte svane».