I eit intervju nyleg sa Sør-Afrikas opposisjonsleiar John Steenhuisen: «Ein koalisjon med ANC kan vere den minst dårlege utvegen for å forhindre at dei radikale tek over.» 28 år etter at Fredrik W. de Klerk tok dei kvite ut av Mandela si regjering, kan Sør-Afrika igjen få ei nasjonal samlingsregjering. Steenhuisen leiar Democratic Alliance (DA), det største partiet i koalisjonen MPC, viss mål er å kaste ANC. Etter press frå koalisjonspartnarane måtte Steenhuisen presisere at «å jobbe med» ANC berre er tenkeleg for å forhindre «dommedag» – skrekkutfallet kor ANC vert tvinga inn i koalisjon med Economic Freedom Fighters for å halde på makta. For Steenhuisen speglar valet den globale konfliktlina mellom nasjonalautoritære og liberaldemokratiske krefter. 2024 vert då eit vippepunkt på line med 1994. Ein siste sjanse til å berge demokratiet og framstega som er gjort.
Når ANC etter tretti år endeleg ligg an til å tape fleirtalet 29. mai, fryktar mange at demokratiet i Sør-Afrika står på spel.
Koalisjonar av motvillige
Kronikk