Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nidstonga

  • Per-Willy Amundsen er tilbake! Framstegspartiets tidlegare justisminister vart stortingsrepresentant utan portefølje etter å ha posta vel spritdunstande meldingar på Facebook etter ein sein kveld i selskap med whiskyflaska natt til kvinnedagen 8. mars: «Vi betaler alle prisen. Gutter mislykkes over hele linjen. Skole og barnehage rammes av radikal og uforståelig kjønnsteori. Skapt av radikale kvinnemennesker som ikke vet opp eller ned på en penis.» Ein sitatklassikar som har fått mykje fortent hånflir. Verre var det med dei psykiatriske stempla av arabarar generelt og muslimar spesielt. Desse førte til ei politimelding for hatprat. No har Amundsen like godt politimeldt dei som politimelde han, melder NRK. For å vinna fram med det må han prova at dei som melde han, har gjort noko kriminelt. Ikkje akkurat ein angrande mann og tidlegare justisminister verdig, men nok til få namnet på nidstonga. GK