Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I maidagane er «My Favorite War» høgaktuell i Europa og Noreg.

Frå fred til ufridom

Under heltegalleriet: Martyrane frå andre verdskrig vakta over skolebarn i Sovjet. Foto: Bivrost/ Ego Media

My Favorite War

(Noreg/ Latvia, 2020) Regi og manus: Ilze Burkovska Jacobsen, Animasjonsdesign: Svein Nyhus Dokumentar/ 1t. 22min./ NRK TV

I Sovjetunionen vart den dyrekjøpte sigeren over nazismen pervertert til eit ideologisk instrument for å kontrollera borgarane frå barnsbein av. Det er erkjenninga i den sjølvbiografiske dokumentaren «My Favorite War». Den latvisk-norske filmskaparen Ilze Burkovska Jacobsens skildrar her ein oppvekst i byen Saldus, som på 1970- og 80-talet låg i to overlappande skuggar frå høvesvis andre verdskrig og den kalde krigen.