Per Dybvig
De står i kø
Biletbok
Aschehoug 2024, 36 sider
For eit syn det er på framsida av Per Dybvigs nye biletbok! Eit opptog av dyr – dei fleste må vere svært sjeldne artar – som gjer nett det boktittelen seier dei gjer: Dei står i kø. Det er så mykje å studere i den fargerike forsamlinga – i positur, blikk og mimikk: Nokre er forventingsfulle, andre rastlause. Nokre er skumle, og fleire ser litt slitne ut – minst éin har fått sauestiren. Ein krabat med stilige støvlettar har dessutan fått seg noko godt i glaset. Då er det sutlaust å stå i kø!