Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ingvill Hekne skriv fram ei madwoman for vår tid.

Heksa, Mora og Hora

Kollektivdikt: Eit kvinneleg «vi» fører ordet i boka til Ingvill Hekne. Foto: Anna-Julia Granberg | Blunderbuss

I «Vi fødte aldri de barna» skildrar Ingvill Hekne dei kollektive mønstera ein går inn i, òg når ein forsøker å opponera mot dei. Den som fører ordet er mest heile tida eit «vi», slik at det blir som på vegner av eit kollektiv av kvinner. Og brota mot dette berører òg det kollektive. Her tenker eg særleg på dikta der dette kvinnelege «vi» er splitta i dei stereotype kvinnefigurane Heksa, Mora og Hora. Til dette kjem nokre få, innskotne dikt om ei sceneframsyning av eit par, temmeleg ribba for individuelle særdrag.