Det kan vere langt til Sverige, som det er her på Vestlandet. Burde ikkje vi få eit tilbod for å kompensere for manglande harryhandel over grensa? Lars Sponheim kalla det harry å reise til Sverige for å handle, og eg vil nok gje han rett i at folkeslaga aust for vasskiljet er eit knepp eller to meir harry enn her vestpå, sjølv om vestlendingane flest ikkje skjemst over å vere harry.