I februar henta politiet 21 etiopiarar til Trandum. Dei har vore i landet 10–22 år. Tre har til saman fem barn som er født i Noreg. Fem er kvinner, ei frå Florø, ei frå Tingvoll, to frå Trøndelag og ei frå Oslo. Onsdag 24. april starta tvangsutsendinga. Då vart Mulalem Fekadu frå Modum sendt til Etiopia etter 16 år i Noreg. Han var 15 då han kom. På Trandum sit Alemayehu Hirpo (51), i 19 år har Ringsaker Mottakssenter vore heimen hans. Alemayehu Hirpo var ein populær og berømt musikar i Etiopia. Mange av tekstane hans handlar om fred og kjærleik mellom menneske. I Tingvoll spør folk etter 47 år gamle Woinshet Asefar, dei fleste kjente henne. Woinshet var viktig for mange menneske i lokalsamfunnet. Ein dag kvar veke på Trandum har Ezana Abebe frå Oslo – 22 år i Noreg – fått besøk av dotter si på 8 år. Ho gret og forstår ikkje kvifor pappa skal sendast ut av landet.