Formidabel krigsanalyse
Sofi Oksanen skriv om Russland og Aust-Europa som postkolonialismens blindsone.


Sofi Oksanen
Putins krig mot kvinner
Sakprosa
Omsett av Turid Farbregd
Kagge forlag 2024, 238 sider
Det er vanskeleg å gle seg over at vårsola lokkar grøne skot ut av bleik jord og tørre greiner samstundes som vi veit at folkemord går føre seg akkurat no: i Ukraina, i Gaza, blant uighurane i Kina. At Russlands invasjon av Ukraina, først Krim-halvøya i 2014 og så resten av landet i 2022, også er eit folkemord, er nok ikkje ei gjengs forståing. Men skal ein tru det Sofi Oksanen skriv i «Putins krig mot kvinner», utgitt på finsk i 2023 og no omsett til norsk av Turid Farbregd, er målet med krigføringa ikkje berre å leggje landet under russisk administrasjon, men også å utslette ukrainsk identitet og kultur. Eit viktig verkemiddel er terror og seksualisert vald mot sivile.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent