Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bygdedans

Eg har alltid synst at folkedans har sett litt merkeleg ut. Det har sett ut som det luggar litt, men som ei planlagt lugging. Eg har ikkje skjønt det. Ikkje før eit år sidan, då eg på fylkeskappleik blei dratt ut på dansegolvet av ei venninne, som snurra oss rundt på dansegolvet, noko som drog fram latteren frå ein stad eg ikkje har kjent på sidan eg var barn. Etter det har eg aldri sett meg tilbake.