Lilian Munk Rösing
Kaplevej 97
Essay
Omsett av Line Norman Hjorth
Pax Forlag 2024, 126 sider
Det er ei særeiga buform som er utgangspunkt for Lilian Munk Rösings boklange essay «Kaplevej 97», omsett av Line Norman Hjorth: Tre pensjonerte systrer – internt i familien kalla «Vimsene» – lever under same tak. Dei to yngste, Rita og Sonja, er fargerike personlegdomar og barnlause, medan myndige Lilian har både barn og barnebarn – og då kan nok lesaren gjette seg til kven ho er mormor til.