Byen
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Martin Crimp
Omsett av: Torfinn Nag
Regi: Sigurd Ziegler
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Ragne Grande, Øyvind Brandtzæg, Mira Dyrnes Askelund og Kristine Sølvberg Hagen
Den britiske dramatikaren Martin Crimp (f. 1956) har ein omfattande produksjon både som romanforfattar, omsetjar, operalibrettist, og først og fremst som dramatikar. Eit drygt tjuetals drama er det blitt sia debuten rundt 1980, og han blir rekna blant dei fremste i heimlandet. Også i andre land, særleg i Tyskland, blir stykka hans ofte spela.