Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med stor formal presisjon var Johanne Marie Hansen Krone (1952–2024) i stand til å markera ei stemning med ein enkel strek.

Å male er livet

Fleire spørsmål enn svar: Johanne Marie Hansen Krone brukte kunsten som eit middel til å prøva forstå. Foto: Therese Bjørneboe

Den siste utstillinga bildekunstnaren Johanne Marie Hansen Krone (1952–2024) deltok på, fann stad på det gamle Munch-museet på Tøyen før jul. Ho inneheld verk frå eit utval kunstnarar frå Ekely, og særleg Hansen Krones måleri «Navigare necesse est» frå 1986, gjorde eit sterkt inntrykk på meg.