Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tea time med nogo attåt

Når ein held på og lagar seg ein kopp te, kan ein koma til å tenkja på Bjørn Hansen, den merkelege romanfiguren til Dag Solstad. I bok tre om han, den absolutt siste, får han overraskande vitjing av svigerdottera og sonesonen. Han har ikkje mykje å by på, verken kaffi eller kaker, men te har han, rett nok berre posete. Det er greitt for svigerdottera Thea: «posete av beste merke, Earl Grey eller Twinings, har du Twinings?»