Oslo er ein fin by. Trass i at dei ikkje har fjell, men berre noko litt mindre som dei kallar for kollar, er det er faktisk også ting der som er betre enn i Bergen. Når internasjonale artistar kjem til Norge stoppar dei ofte berre i Oslo. Kinotilbodet i byen, med dei mange uavhengige kinoane, som Vega, Frogner og Cinemateket, er betre enn alle dei andre norske byane til saman. Om sommaren er det sol og badetemperatur, og om vinteren er det snø og skiforhold. Det er ikkje rart at folk vil bu der.
Oslo
Dagboka