Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Knaus 3

Vandringa var ein laurdag ettermiddag og kveld. Det var høgtlesingar utanfor Hulen og utanfor Garage, utanfor eit hus Knausgård festa mykje i, utanfor St. Paul gymnas, utanfor lokala til Vagant og så bort­etter. Etter kvart kom vi til Lille, ein utestad i Bergen. Vi hadde på denne vandringa gjennom nittitalsbergen hatt eit par møte med menneske frå den moderne verda – dette var i 2019 – men ikkje mange. Mesteparten av tida gjekk vi i vår eiga boble.