I stedet for å øke pensjonsalderen kan det for de som har jobbet i tunge helseutsatte yrker kanskje være en fordel fra 50-årsalderen å få forkortet arbeidstid – uten trekk i lønn.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Pappa er slitaren
DebattPensjon
Eg hugsar attende til eg var ei lita jente. Eg studerte pappa som klatra på dei store maskinene, skrudde på deler, smelta bly og fylte på trykksverte. Dei enorme papirrullane på fleire hundre kilo som vart rulla på plass med handmakt, og som etter ein runde i maskina kom ut som aviser med bilete og tekst. Trykket måtte vera bra, var det søl måtte deler av maskina vaskast. Lukta av bly, trykksverte og sterke vaskemiddel sat i kleda, håret og huda. Dette var pappa, og slik var jobben hans. Det var først som vaksen eg forstod at mykje av det som gjorde kvitt papir til avis, hadde løysemiddel i seg. Og at løysemiddelskadar er uopprettelege.