Samefolkets dag feires for å markere det første internasjonale samemøtet i Trondheim i 1917. Møtet ble initiert av Elsa Laula Renberg for å organisere samer til samling og rettighetsarbeid. Dagen har siden 1993 blitt feiret av hele Sápmi i Norge, Sverige, Finland og Russland. Det feires med flagg, nasjonaljoik (Sámi eatnan duoddariid), nasjonalsang (Sámi soga lávlla) og god mat. MLN
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Over heile landet kjempar samene for å ta plass og skape samiske rom. Med lyttegammen på Fløyen i Bergen gir samane beskjed om at det er nordmenn sin tur å lytte til det samiske.
Rom til å lytte
Reportasje og
På ein liten avstikkar mellom grantrea på Fløyen står det som kanskje er det einaste samiske skiltet i Bergen. Katarina Dorothea Isaksen har tatt av frå grusvegen og følgjer skilta til Jiennagoahti, ein torvkledd gamme med utsyn over byen. Ein ullgrå gákti stikk fram under ullkåpa medan ho løftar av to store treplater som dekker dør og vindauge inn til gammen.