Tåkefall
Rogaland Teater, Intimscena Av: Noah Haidle.
Omsett av: Gunstein Bakke.
Regi: Kjersti Haugen. Scenografi og kostyme: Katrin Bombe. Komponist: John Derek Bishop.
Lysdesign: Haakon Espeland.
Med: Marianne Holter, Øystein Martinsen, Helga Guren, Even Stormoen og Anders Dale.
Den amerikanske dramatikaren Noah Haidle (f. 1978) har trass ung alder alt ein omfattande produksjon både for scene og lerret. Stykka hans blir sette opp over heile verda, og han har vunne ei rekkje prisar. Her heime er berre tre av dei blitt sette opp, alle ved Det Norske Teatret, og det er også alt. Teatersjefen ved Rogaland Teater, Glenn André Kaada, var sjølv regissør for ein av dei, «Herr Marmelade», i 2016 og såg nok kvalitetane i forfattarskapet, for nå har han vald å setje opp «Tåkefall» («Smokefall») frå 2013 på Rogaland Teaters intimscene.