Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norske moskéar må gjere meir for å stoppe tvangsekteskap, seier Assad Nasir, general­sekretær i ein av landets største muslimske meinigheiter.

– Den som tvingar nokon til å gifte seg, gjer ei stor synd

«Urovekkande»: Det seier Assad Nasir, Generalsekretær i Central jamat al-sunnah-moskéen på Grønland i Oslo, om tala på tvangsekteskap-førespurnader til hjelpetenestene.

– Eg vil at det skal vere klart og tydeleg frå denne moskéen at tvangsekteskap ikkje er tillate i islam. Eg vil oppfordre alle moskéar og alle imamar til å snakke om dette til sine meinigheiter og gjere det veldig klart og tydeleg at den som tvingar nokon til å gifte seg, gjer ei stor synd.