Over to millionar av våre medmenneske, og av dei nesten ein million barn, er innestengde på Gazastripa. Meir enn 26.000, og av dei 10.000 barn, har mista livet av bomber, granatar, kuler og bygningar som rasar saman. Halvparten av bustadene og mange sjukehus og skular er øydelagde. Ingen del av området er trygg. Svolt og sjukdommar som følgjer svolt og samanbrote helsestell og sanitærforhold, spreier seg både på Gaza og Vestbreidda.
Luftbru til Gaza
DebattIsrael og palestina