Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Søstrene» inviterer til fellesskap rundt opplevingar av utanforskap og leit etter identitet.

Rikt epos om dobbel identitet

Ekspanderer: Jonas Hassen Khemiri har flyttet til New York og latt seg inspirere til å skrive stort. Foto: Max Burkhalter
Roman

Jonas Hassen Khemiri

Søstrene

Roman

Omsett av Andreas E. Østby

Gyldendal 2024, 654 sider

Jonas Hassen Khemiris debut traff offentlegheita i Norden som ein knyttneve i 2003, vi fekk «Ett öga rött» og såg ei ny stjerne stige. Khemiri var den første som viste oss det litterære potensialet i sosiolekt frå innvandrartette bydelar, med uortodoks setningsoppbygging og hyppige innslag av slang og ord frå andre språk. Det er nærliggjande å rekne han som den litterære gudfaren til norske forfattarar som Maria Navarro Skaranger, Zeshan Shakar og Oliver Lovrenski.