Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattFred

Krig er ei det beste

Vil du ha fred, forbered deg på krig. Eirik Løkke siterer romerske Vegetius i Klassekampen 23. januar. Har vi ikkje lært opp gjennom historia at denne førebuinga på krig ikkje har vore nokon garanti for fred? Skulle vi ikkje prøvd nokre andre vegar ut av usemje mellom folk enn å drepa kvarandre?

Ved årsskiftet var vi 8,19 milliardar menneske på jorda. Alle, kanskje med nokre heilt få unntak, ønskjer å leva i fred. Dei aller fleste lever i fred. Det betyr ikkje at det er mangel på interessekonfliktar, men det vanlege er at folk finn ut av det med kvarandre utan å gå til krig. Innomlands, i små og store land, er det sjeldan at potensielle konfliktar fører til krig. (Jaudå, eg kjenner til Sudan, Jemen, Kongo og bortetter). Våpen er vanlegvis ikkje distribuert til enkelte grupper innomlands. Og, utan våpen blir det ikkje krig.

Kva om berre noko av dei enorme pengesummane som no går til våpenopprustning blir brukt til å utvikla konfliktråd i FN regi?

«Naivt? Tja»

Naivt? Slik den gjeldande krigsretorikken er i dag, er det sjølvsagt naivt å tenka at noko slikt skulle fungera innafor FN. Men dei fleste land er med i FN. FN er ein arena der alle landa møtes. I dag ser det ut til at representantane frå land i konflikt møter kvarandre med slagord og fastlåste argument. Slik treng det ikkje vera. Godt utvikla konfliktråd i FN regi, med velskulerte diplomatar, kunne ha som oppgåve å få representantar frå folk/land til å samtala (som i konfliktråd) – før dei gjekk til krig – og ikkje berre etterpå.

Naivt? Tja.

Alle krigar endar. Tar vi for oss dei mest kjende krigane etter andre verdskrig (Korea, Vietnam, Iran, Irak, Libya, Afganistan), så har ikkje våpenkraft vore avgjerande for korleis dei har enda. Realpolitisk sett, eller i etterpåklokskapens teikn, er det kanskje heller den militære strategien som har vore naive.