Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Plagiatmonster

Alt me seier og skriv, er språk fanga opp eller lært. Av andre. Det betyr ikkje at me ‘plagierer’. I tillegg skaper me nytt språk, utan stans; det er ikkje kultur, men natur – og inga stor sak. Sjølv laga eg ordet plagiatmonster for nokre veker sidan. Ikkje fordi eg var framsynt om Sandra Borch og Ingvild Kjerkol, men fordi eg skreiv om den gigantiske ‘elefanten i rommet’. Som breier seg utan å ha ansvar. KI plukkar tekster, utan stans. Og produserer tekster, utan stans. Latinsk plagium tyder ‘menneskeran’. Ingen har før i historia rana så ufatteleg systematisk frå menneske som ‘gunstig intelligens’.