Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa flyttar ein del kvotar frå dei store fartøya i havfiskeflåten til kystfiskarane. Spørsmålet om det er nok til å snu utviklinga langs kysten.

Sterkare lut i fiskepolitikken

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Reiser du langs kysten i Noreg, vil du fleire stadar sjå at samfunn som tidlegare vart nært knytt til fiskeriaktivitet, ikkje lenger har fiskeindustri. Loppa i Finnmark, Kvænangen i Troms og Aukra i Møre og Romsdal er nokre eksempel på det. Frå 2004 til 2018 var det 29 kommunar som mista all villfiskindustri. Ni kommunar mista alle fiskemottaka sine. Dette blei dokumentert og talfesta av Riksrevisjonen i rapporten deira om norsk fiskeripolitikk, som kom i 2020.