Solvej Balle
Om utregning av romfang 4
Roman
Omsett av Trude Marstein
Forlaget Press 2024, 231 sider
I tredje band av Solvej Balles stillferdig formidable romanserie dukka det brått og smått sjokkerande opp fleire tidsfangar – andre menneske som til liks med hovudpersonen Tara Selter er medvitne om at tida har gått i stå; at 18. november gjentek seg, tilsynelatande for alltid. I dei to første bøkene trudde Tara seg åleine i denne tilstanden, og at alle rundt henne levde i loop og følgde sitt faste mønster gjennom dagen. Men så møter ho ein mann som bryt mønsteret, snart møter dei to menneske til, og mot slutten av tredje bok flyttar dei fire tidsfangane saman i eit hus i Bremen.