Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire kommunar har dårleg helse- og skuletilbud. Lokalsamfunnsforeninga ber regjeringa sikre betre økonomisk fordeling.

Ber om betre tilskot ut til kommunane

Bøn til regjeringa: Elevar ved Fredrikstad skule var blant dei som teikna draumeregjeringa si til eit kunstprosjekt i 2022. Fredrikstad er blant kommunane som no slit med budsjettet. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB

I dag møtest 125 representantar frå kommunar rundt i landet på Lokalsamfunnskonferansen på Gardermoen. Øvst på agendaen står debatten om inntektssystemet. Dette skal sikre rett­ferdig fordeling mellom kommunane, og at alle har pengar nok til å utføre oppgåvene sine.