Kvifor ingen sanksjonar mot russisk atomindustri?

Den russiske atomindustrien er ikkje utsett for sanksjonar på same måte som gass og kol. Det treng ei forklaring. Og kort sagt er grunnen at den russiske atomindustrien har ei viktig, leiande strategisk rolle i å skaffe brennstoff og infrastruktur til mange av verdas atomstatar.
EU-parlamentet bad om å inkludere atomindustrien i sanksjonane mot Russland etter 24. februar 2022, men avtalen mellom det franske selskapet Framatom og der russiske Rosatom av desember 2021 er ikkje oppsagt. Russland forsyner i dag Slovakia, Bulgaria, Tsjekkia, Ungarn, Finland (bortsett til den nye EPR-reaktoren) og heile 30 prosent av forbruket i Frankrike og USA med nytt reaktorbrensel. Natururan som blir importert frå Kasakhstan og Usbekistan og utgjer 40 prosent av det franske forbruket, blir transportert gjennom Russland under kontroll av Rosatom. Rosatom står for ein tredel av verdas behov for konvertering av uran og 40 prosent av produksjonen av anrika uran til sivil bruk.
Russland er det einaste landet i verda som har industriell infrastruktur til å anrike reprosessert uran. Spesielt gjeld dette det brukte brenselet som blir reprosessert i La Hague i Frankrike. Det anrika uranet blir sendt tilbake til Frankrike mens 90 prosent av det reprosesserte uranet dei tok imot blir liggande på staden som radioaktivt avfall.
Drift av atomkraftverk og internasjonal transport av radioaktivt materiale mellom land i krig aukar sjansen for store atomulukker. Sidan 2022 er det ukrainske kjernekraftverket Zaporizjzja, det største i Europa med fire reaktorar, okkupert av Russland. Ingen av verdas reaktorar er bygde for å tole bomber og rakettar. Nokre veker etter Russlands invasjon av Ukraina blei det levert nytt atombrensel til Slovakia med fly frå Russland med autorisasjon til å fly over Belarus og Polen.
I dag er Russland det einaste landet som bygger atomkraftverk i andre land. Rosatom har prosjekt for å bygge 35 nye reaktorar og planar om 21 til i land som Kina, India, Tyrkia, Bangladesh, Slovakia, Egypt, Iran. Når Norsk Kjernekraft planlegg å bygge ein serie med SMR og skal kjøpe brensel på den kommersielle marknaden, er det Rosatom dei då vil samarbeide med? Og er det Russland som skal bygge dei nye svenske reaktorane, spurde Mycle Schneider då den siste World Nuclear Industry Status Report (WNISR 2023) blei lansert nyleg. Sidan den sivile og militære atomindustrien er nært knytt saman, vil ein atomembargo også påverke militær atomkraft, atomvåpen og reaktorar for skip og ubåtar. Det er vanskeleg å tenke seg at verdas atomindustri i dag kan klare seg utan Russland.