Hjertevarme frå Oslo
Ei blå vindkraftbrosjyre i postkassen min her i Førde varma meg om hjartet då eg las og forstod at eit Oslo-selskap føler for å skaffe meg, ja faktisk heile Vestlandet, mykje meir lys og mykje meir varme. Storsinna hoppar selskapet Fred Olsen Renewables bukk over sin eigen del av landet, for å hjelpe oss vestlendingar med energi. Storfylket Viken har ifølgje NVE berre eitt vindkraftverk å hjelpe seg med, mens Vestland fylke har seks. Likevel er det oss vestlendingar dette godhjarta selskapet vil hjelpe.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent