Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva eg les når eg sørgar eller: Korleis eg og Nick Cave vart så gode venar.

Tung tids lesing

Tap: Demeter tryglar Zevs om å få dottera Persefone tilbake frå Hades. Teikninga er frå ein gong mellom 1713–33. Foto: Wikimedia Commons

Eg trur bøker er som folk på den måten at dei dukkar opp i livet ditt når du treng dei som mest», har skodespelar Emma Thompson sagt. Ei tid etter at sonen min Edvin døydde, fekk eg ei stor pakke i posten frå Amerika. I pakka låg ein liten akvarell av ein blome og ei bunke bøker, ein startkit i sorglitteratur frå ei amerikansk venninne. Blant bøkene var Michael Rosens «The Sad Book», som i enkle tekstar og med uttrykksfulle bilde viser korleis han opplevde livet etter at sonen brått døydde som nittenåring, Donald Halls diktbok «Without» og Elaine Pagels «Why Religion». Titlane på dei fyrste to bøkene er talande nok. Pagels bok handlar om kva rolle religionen kan spele i liva våre, og kva det betydde for ho etter to store tap: Først døydde den vesle sonen David, som hadde ein medfødd hjartefeil, følgt av mannens brå dødsfall berre eitt år etterpå, som etterlét ho med «eit hol på storleik med Grand Canyon».