Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kilmatoppmøtet har endeleg oppdaga fossil energi. Konsekvensen burde vore at Parisavtalen forkastas.

Elefanten i Dubai

ELEFANTAR OG ANDRE ENERGIKJELDER: På klimatoppmøtet i Dubai dei siste vekene har medlemslanda oppdaga at fossil energi er årsak til klimaendringer. ‘Elefanten’ har trampa rundt i rommet i meir en 20 år, skriv Jon Naustdalslid. Her frå Dubai. FOTO: Peter Dejong, AP/NTB

Elefanten i rommet er fossil energi, og nå ser vi den endelig», seier Barth Eide til NRK frå Cop-møtet i Dubai. Men denne «elefanten» har vore fullt synleg og har trampa rundt i rommet i meir enn 20 år, så det burde ikkje ha vore vanskeleg å få auge på han litt tidlegare. Ikkje berre har «elefanten» vore fullt synleg, han har også lagt på seg og rasert alle målsettingar om reduserte CO2-utslepp.