Det var i sauesanken no i haust. I myrkningi kom eg på heimveg innantil åsen. Eg fylgde ei gamal timbreslæpe frå då eg hadde vindfallhogst eit par år nett her inne, og i stuv og stein tedde enno far etter stokkar. Det var den tidi eg hadde Svarten, kom eg i hug, og eg visste at slæpa gjekk ut ei bratt hall og so ned til Slåttetjernet. Dette var snøggaste vegen heimtil.
Myrjord i kjaften
I dag