Lovframlegget om å forby konverteringsterapi knytt til seksuell orientering/legning og til kjønnsidentitet har problematiske sider ved seg. Eg støttar intensjonen fullt ut – å sikre at ingen blir tvinga til å vera noko dei ikkje er. Eg er likevel mot at kjønnsidentitet er teke inn i lovforslaget, som Stortinget skal behandle 7. desember. Det er nemleg ein vesentleg forskjell på det å gjera forsøk på å «omvende» homofile personar til heterofile, og det å seie til ungdommar som er usikre på kjønnet sitt at dei ikkje er ei feilvare. Å gå inn for at nokon skal gjera inngrep på kroppen sin for å bli eit kjønn dei uansett aldri kan bli, burde vore omfatta av forbodet mot konverteringsterapi. I staden blir det no motsett: Ein kan bli straffa med fengsel om nokon kjenner seg krenka av forsøk på å få dei til å bli trygge i den kroppen og det kjønnet dei har.
Når homofile skal omvendast
DebattHomoterapi