Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein kolonikrig

Dei politiske makthavarane i Vesten rettferdiggjer Israels øydelegging av Gaza med referanse til Artikkel 51 i FN-pakta om at medlemsstatar har rett til sjølvforsvar dersom dei blir angripne av andre statar. Slikt sjølvforsvar skal vere «proporsjonalt» og ikkje ha karakter av represalie mot angriparen. Hamas sin massakre av sivile i Israel var avskyeleg og grufull, men artikkel 51 legitimerer ikkje Israels pågåande brutale represaliar med massemord av sivile i Gaza.