Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Israel og palestina

Fekk ikkje med seg pappa ut av Gaza

Kamla og Omneya Abuharb måtte forlate Gaza utan ektemann og pappa Talat. No lever dei i frykt for at Talat, som er norsk statsborgar, blir drepen før namnet hans kjem på rett liste.

Heime, men utan pappa: Kamla (ståande) og Omneya Abuharb (med nettbrett) saman med familien i Mysen: Son og bror Abed til venstre med kona Ola, så son og bror Mohamed i gult, og vesle Julia, dottera til Abed og Ola. Omneya vil ikkje ha ansiktet sitt i avisa, og held derfor eit bilete av faren sin framfor seg.

Kamla og Omneya Abuharb er endeleg på trygg grunn saman med familien igjen i Mysen. For to dagar sidan kom dei tilbake til Noreg etter å ha vore innesperra på Gaza sidan 7. oktober. Men familien får framleis ikkje kvile, for inne på Gazastripa sit framleis pappa Talat Abuharb.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?