Natten. Kaos. Stillheten
Trøndelag Teater, hovudscena
Av Lars Norén, omsett av Arne Lygre
Regi: Eirik Stubø
Med: Trond Ove Skrødal, Janne Kokkin, Jo Saberniak og Paal Herman Ims
Den svenske dramatikaren Lars Norén (1944–2021) var særs produktiv og skreiv ei mengd drama frå slutten av sekstitalet og fram til han døydde. Gjennombrotet fekk han med «Natten er dagens mor» i 1982 og oppfølgjaren «Kaos er nabo til Gud» året etter. I 1988 kom «Stillheten» som ein slags epilog i det som mange kallar «hotelltrilogien».