Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Massegrav for hestar

Mellom 1959 og 1962 vart det graven ut ei offermyr ved Skedemosse på Öland. Sjølv om berre ei del av myra vart undersøkt, fann dei restar etter over hundre hestar og minst 38 menneskje som hadde blitt ofra. I tillegg vart det funnen store mengder våpen og sju store gullringar. C14-dateringer har vist at Skedemosse var i bruk som ein rituell stad frå før-romersk jernalder og inn i yngre vikingtid. Ulf Erik Hagberg, som leia utgravingane ved Skedemosse, har foreslått at namnet stammar frå innsamling og separering av hestar for ofring. Nye funn og stadnamngransking indikerer at den undersøkte myra var del av eit større rituelt landskap.