Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Merethe Lindstrøm skaper inderleg nærvær i detaljane, men treff ikkje heilt med forteljarstemma.

Ein familie i sorg

Det usagde: Det som blir forteia, verkar under overflata i forfattarskapen til Lindstrøm. Foto: Fartein Rudjord
Roman

Merethe Lindstrøm

Når vi synger

Roman

Forlaget Oktober 2023, 196 sider

Det er ikkje så mange tiår sidan at den vanlegaste måten å takle sorg og traume på var å prøve å gå vidare som om ingenting hadde hendt. Kva skulle det tene til å prate om det? Konsekvensen var at ein kvar var overlaten til sine eigne tunge tankar, og spesielt barn kunne nok sitje att med både spørsmål og feilaktige idear om kva som eigentleg hadde skjedd, og kvifor.