Eg såg dei første to episodane av «Makta», men vart så provosert at eg bestemte meg for å ikkje sjå vidare. Eg forstår at serien er tenkt å vera satire, men eg reagerte på framstillinga av Gro Harlem Brundtland som helgen, og stemplinga av dei fleste andre i serien som alkoholiserte og uintelligente eller kyniske og maktkåte. Eg har forsøkt å forstå kvifor eg kjente på den klumpen i magen.