Titus Andronicus
Nordland Teater
Av: William Shakespeare
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Birgitte Strid og Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Med: Rune Storsæther Løding, Inga Ibsdotter Lilleaas, Julie Sofie Reite, Sondre Krogtoft Larsen, Stein Elvestad, Piotr Misztela, Sindre Bergfall mfl.
Av William Shakespeares rikhaldige produksjon er det faktisk framleis drama som ikkje er sette opp på ei norsk scene. Så om det ikkje var ein sensasjon, var det likevel ein teaterhistorisk milepåle då Nordland Teater laurdag hadde norgespremiere på Shakespeares «Titus Andronicus», truleg skriven i tida mellom 1588 og 1593.