Sist veke hadde parlamentet i Kyiv første avrøysting i ei sentral religionspolitisk sak: Fleirtalet røysta for eit lovforslag som opnar for å forby trussamfunn med band til «innflytelseskrinsar» i Russland. Skyteskive er Den ukrainske ortodokse kyrkja (UOK). Ho høyrer til Den russisk ortodokse kyrkja under Moskva-patriark Kirill.
Den ukrainske trusfridomen vert alvorleg svekt om dei forbyr heile trussamfunn.