Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Karane i Zadar

Me var på veg gjenom gamlebyen i Zadar. Zadar er ein stor kroatisk by på Adriaterhavskysten. Gatone i gamlebyen er nett so smale som dei var fyrr, og etter at det kom utekaféar vart det forbode å hengje ut klæsvask på ei snor frå eit hus til eit anna på hi sida av gata. Kjæringi og eg, me gingo seint for kjæringi hadde okla over i sauesanken, og okla hadde trotna upp og var ilt å stige fram med.