Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verkeleg samfunnskritiske forfattarar veks ikkje på tre.

Fram or gløymsla

Drøftinga av ein litterær kanon for venstresida er eit prisverdig tiltak. Sjølv om det kanskje ikkje endar med ei autorisert leseliste, er det i alle fall ei påminning både om bøker ein aldri har lese, og sånne som ein har gløymt. Samfunnskritikk skal ein derimot ikkje venta seg for mykje av, ikkje eingong hos forfattarar som er kjende for å ta parti med dei undertrykte. I Klassekampen den 17. oktober trekkjer Yngve Træland fram Arne Garborg som ein opplagd kandidat, og siterer nokre utdrag frå «Hanna Winsnes’ kogebog», som ofte blir brukt for å visa kor radikal han var. Men han gjer seg ufarleg ved å skriva som eit åndsmenneske frå Kristiania, på salongfähig riksmål, utan at det skin gjennom at han i røynda er ein bondegut frå Jæren, ein av dei som prestefru Winsnes meiner at Gud har sett henne til å herska over. Ved å tala språket til dei byfine lesarane sine trur han kanskje at han skal få dei til å reisa seg mot urettferda. Men dei blir nok like gjerne liggjande og småflira i slapp likesæle.