Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gaza, 1959

EIN AKTIV BREMS: Mellom 1956 og 1967 var FN sine fredsbevarande styrkar på plass i Gaza. foto: Sverre A. Børretzen, NTB

Eg har berre gode minne om palestinarane vi som FN-soldatar trefte på Hill 88, to kilometer utanfor Gaza by. Eg kjøpte frukt, brus og anna hos Jesus og gav mange palestinarar medisinar når dei kom oppom sjukestua med plagene sine. På den andre sida av demarkasjonslina såg eg israelittane. Dei fleste var hardt arbeidande bønder som vi aldri kom i kontakt med.