Odd Isungset
Blodspora frå Dagaliveien. Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard
Sakprosa
Samlaget 2023, 396 sider
Trass festtalar om frie ytringar og ordets makt finst det ein viss historisk presedens for at dei som satsar på vald og løgn får overtaket. Eit av mange tankevekkjande poeng i Odd Isungsets bok «Blodspora frå Dagaliveien. Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard» er at eit valdeleg regime har høve til å leggje til rette for grov kriminalitet i ly av diplomatisk status. Sjølv om det finst sterke indisium, har ingen enno bevist at det offisielle Iran hadde ei slik rolle i attentatet mot Rushdies norske forleggjar i 1993.