Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå idol til grådigskaps-symbol

Eg treng vel ikkje nemna namn på idrettsidola me heia på og gledde oss over idrettssuksessen til for eit par tiår sidan, som har teke millionane sine med seg til Sveits. Millionane som har yngla slik under norske vilkår at dei nærmar seg drøymegrensa for den grådige: tusen millionar kroner. Med slik yngling må den koma frå eit paradis for slik yngling! Med samfunnsorganisering rundt arbeidsliv og investering og skattar og fellesskapsforpliktelsar som er opne for slike millionrush. Ja, og så ein velstand i store lag av folket som kan investerast i hytter og fritid som i tidlegare tider var over evne og utenkjeleg.