M. Seppola Simonsen skriv med stor presisjon frå rommet mellom norsk og kvensk, mellom ho og han.
Hadle Oftedal Andersen
TOSPRÅKLEG: M. Seppola Simonsen skriv både kvensk og norsk. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
M. Seppola Simonsen
Den tredje
Dikt
Flamme Forlag 2023, 81 sider
Når denne diktsamlinga heiter «Den tredje», er det med referanse til den tradisjonelle forståinga av kjønn som noko binært, noko det finst to av. M. Seppola Simonsens tekstar er, kort sagt, skrivne frå ein posisjon som ikkje-binær. Samstundes, tenker eg meg, er denne konstateringa av ein tredje posisjon noko ein kan oppfatta som særmerkande for Seppola Simonsen, òg internasjonalt. Det vesle eg har lese av ikkje-binær lyrikk er gjerne «queer» på den måten at det ikkje finst ein fast plass, ein etablert tredje posisjon. Tekstane er nærmast eksplosivt utfordrande i høve til alle tilvande konvensjonar for korleis ein kan uttrykka seg. Men i «Den tredje» søker forfattaren seg så vidt eg kan forstå mot å etablera eit fastare punkt, ein identitet som er noko i seg sjølv, heller enn å berre vera markert som noko som ikkje fanst frå før. Og tekstane er svært sansa. Dette er små, minimalistiske tekstar med stor språkleg presisjon. Eit dikt sluttar slik som dette: «om jeg forblir uendret / la verden bli vakrere / ved meg»
Simon Strangers nye roman reiser estetiske og etiske problemstillinger om norsk holocausthistorie.
Geir Pollen
Personlig anliggende: Simon Stranger skriver skjønnlitterært om svigerfamiliens holocausthistorie. Foto: Agnete Brun
Simon Stranger
Museum for mordere og redningsmenn
Roman
Aschehoug 2023, 368 sider
Tilfeldigheten vil at denne teksten, som skal handle om Simon Strangers nye roman «Museum for mordere og redningsmenn», påbegynnes dagen etter et besøk i Gedenk- und Bildungsstätte Haus der Wannsee-Konferenz noen kilometer utenfor Berlins sentrum, der femten nazikoryfeer den 20. januar 1942 møttes for å planlegge «die Endlösung der Judenfrage», den totale utryddelsen av jødene. Ansvarlig for invitasjonen var SS-mannen og sikkerhetspolitisjefen Reinhard Heydrich: «Da de spørsmål som skal drøftes, ikke tåler ytterligere utsettelse, inviterer jeg Dem på nytt til en diskusjon, etterfulgt av frokost ...».